No vert eit av verdas mest avanserte datasenter etablert i Fyresdal. Og vi i Fyresdal Næringshage er tett på industrieventyret!
Fyresdal Næringshage er ein møteplass for verksemder som vil utvikle seg, samarbeide og gripe nye moglegheiter.
Den industrielle satsinga som no skjer i Fyresdal knytt til datasenterindustri gir ringverknader langt utover sjølve anlegget. Behovet for tenester, leveransar, kompetanse og samarbeid aukar og Næringshagen er eit bindeledd og ein møteplass for næringsliv, offentlege aktørar og utviklingsmiljø. I tillegg jobbar Myldr Energipark Fyresdal med prosjekt som ser på bruk av overskotsvarme.
At fleire aktørar no vel å vere ein del av Næringshagen, er eit tydeleg teikn på at Fyresdal er i positiv utvikling.
Fyresdal Næringshage skal vere ein stad der idear blir til handling, tett på industrieventyret som no tek form.
Samlokalisering og samarbeid
Gjennom samlokalisering og fagleg fellesskap koplar Fyresdal Næringshage verksemder og bransjar, og legg til rette for utvikling for gründerar, oppstartsverksemder og etablerte bedrifter.
Rådgjeving og utviklingsstøtte
Gjennom Telemark Næringshage er vi leverandør av Siva sitt næringshageprogram. Programmet gir tilgang til rådgjeving, kompetanse og offentlege midlar som støttar utviklingsarbeid i små og mellomstore verksemder.
Kontor og møterom:
Vi tilbyr utleige av kontor og møterom i eit aktivt næringsmiljø. Løysingane er fleksible og kan tilpassast både enkeltverksemder og større bedrifter med behov for fleire arbeidsplassar.
Med kontorplass i Fyresdal Næringshage kjem du tett på ei spennande utvikling.
Ved inngangen til 2026 ligg det an til ei omfattande datasentersatsing i Fyresdal. Dette vil skape nye behov og store moglegheiter for næringslivet både lokalt og regionalt. Fyresdal Næringshage arbeider aktivt for å kople verksemder på denne utviklinga.
Profesjonelle rammer: Eigne kontor- og møtelokale gir ei tydeleg og profesjonell ramme rundt verksemda.
Fagmiljø: Her blir du del av eit miljø der verksemder sit tett på kvarandre og deler kvardag, erfaring og kompetanse. Samlokalisering gjer samarbeid enklare og skaper meirverdi.
Møteplassar: Tema- og frukostmøter, sosiale ”happenings” og uformelle møteplassar i dei mange kvilesonene.
Tett på ny industri og utvikling: Den nære kontakten med datasentersatsinga i Fyresdal gir betre innsikt i utviklinga og tilgang til relevante nettverk og moglegheiter.
Ein kvardag med korte avstandar: Barnehage, skule, helsehus, bibliotek, bank, treningssenter, butikkar og andre tenester ligg innan 5 minuttars gange. Det gir ein effektiv og oversiktleg arbeidskvardag.
Arbeidsmiljø tett på naturen: Rett utanfor døra ligg Hamaren Aktivitetspark, med tur-, jogge- og sykkelløyper, strand og bryggje. Nærleiken til naturen gir gode rom for pausar og aktivitet i kvardagen.






Kontora i Fyresdal Næringshage passar for både små og store verksemder som ønskjer profesjonelle og funksjonelle kontorlokale. Her finn du om lag 80 kontor i eit moderne bygg, med løysingar i ulike storleikar og prisklassar. Kontora passar både for nyetablerte verksemder og etablerte bedrifter.
Kontorbygget ligg 3 km frå Myldr Energipark, der det no er stor industriell utvikling under etablering. Samstundes er næringshagen ein open arbeidsplass for verksemder frå mange ulike bransjar.
Lokala er tilrettelagde for ein effektiv og velfungerande arbeidskvardag, med tilgang til kontor og fellesareal 24/7, WiFi, moderne møterom med AV utstyr, profesjonelle print- og kopiløysingar, kantine, uformelle møteplassar og gode parkeringsmoglegheiter.
For deg som ønskjer eigen kontorplass kvar dag.
Eige kontor med tilgang 24/7, møterom, printerløysingar og rabattert lunsj på Hamaren Sommerkafé.
3 månaders bindingstid.
For deg som pendlar eller jobbar i Fyresdal nokre dagar i veka. Gir tilgang til ledige kontor inntil 7 dagar per månad, tilgang 24/7 og full tilgang til møterom.
Ingen bindingstid. Gjeld så lenge vi har ledige kontor.
For deg som treng ein arbeidsplass éin dag innanfor opningstidene 08–16.
Betales med VIPPS
Lunsjen i Hamaren Sommerkafé er ein felles møteplass for alle som held til i næringshagen – offentlege og private verksemder, leigetakarar og gjester. Her møtest folk på tvers av fag og roller i ein uformell og triveleg ramme.
Det er lunsjservering måndag til fredag mellom kl. 11.00 og 13.00. I dette tidsrommet er det òg mogleg å bestille mat til møte, kurs og samlingar.
Ta gjerne kontakt dersom de ønskjer mat til møte, så legg vi til rette for ei løysing som passar inn i lunsjserveringa.
Kontakt vår lunchvert Oksana Honcharenko på telefon 967 40 788 i tidsrommet 8-14, eller send mail via knappen under.






I Fyresdal Næringshage får du tilgong på mange trivelege møterom i fleire storleiker med plass fra 8-64 personer. Alle møteromma har WiFi og AV utstyr. Alle møteromma kan leigast til møter på dagtid kl 8-16.



Er du nysgjerrig på kontorplass, møterom eller rådgjeving? Ta kontakt for meir informasjon.