Foto: Anne Nylend
ARENA FOR FAGKUNNSKAP INNAN BIOØKONOMI
Fagmiljø
Kompetansemiljø innan bedriftsetablering, korleis bruke virkemiddelapparatet og finansieringsordninger. Regionalt og nasjonalt kompetansemiljø innan bioøkonomi.
Møteplassar
Felles prosjektverkstad, tema- og frukostmøter, sosiale ”happenings” og uformelle møteplassar i dei mange kvilesonene.
Kontor med lynraskt internett
Topp moderne kontor med tilgang 24/7 og lynraskt internett. Store kontor, små kontor, kontor som kan delast. Gratis utlånskontor for studentar som jobbar mot eksamen eller bachelor- og master oppgåve. (Ikkje i coronatida).
Videokonferanseutstyr
Inspirerande møterom med nydelig utsikt, gode fasilitetar og det nyaste innan videokonferanse. Vi mogeliggjer samarbeid med resten av verda.
Teisner Mathus
Teisner Mathus serverar lunsj, middag, catering for selskap, selskap, kveldsmøter og møtemat. Dei som jobbar i Næringshagen nytter høve til å møtast i kafeen kvar dag for lunch.
For meir informasjon og kontaktinformasjon, sjå HER
5 Minutter
Ein gåtur på 5 minutt frå næringshagen får ein tilgang til barnehage, skule, helsehus, tannlege, bibliotek, bank, politi, treningssenter, utandørs treningspark, frisør og butikkar.
Tett på naturen
Fin natur, tilrettelagde jogge- og sykkelløyper og utandørs kjøkken finn vi i naturperla Hamaren Aktivitetspark. Saman med båtplass, bryggje og strand med gode bademoglegheiter er dette rett utanfor døra!!