Fyresdal Næringshage held til ved Bryggeparken i Fyresdal i Telemark. Vi ønskjer å vere eit sterkt regionalt og nasjonalt kompetansemiljø innan bioøkonomi, men er også ein ypperleg plass for alle verksemder som ønskjer utvikling i eit stimulerande miljø. Vi er kreative, opne og moderne og vi ønskjer å sjå på moglegheitar, ikke problem. Vår målsetting er at nye og eksisterande kompetanseverksemder skal ha større sjanse for å lykkast i Fyresdal Næringshage.

Næringshagene i Norge:
Det mest attraktive og praktiske felleskap for utvikling i landet. 50 næringshager over heile landet er medlemmar.

Meld deg på Nyhetsbrev

Bygget og plassen

Arkitektane i Søndergaard Rickfelt AS teikna nye Fyresdal Næringhage. Bygget er eigd av FN Eigedom og Vestfløyen sto ferdig med 40 topp moderne kontor hausten 2014. Vekst skaper vekst og 1. oktober 2016 opna den nye Austfløyen med ytterlegare 40 nye kontor. No er det totalt 80 kontorplassar, 7 møterom og innbydande fellesaeral med kvilesoner. Bygget er teikna for å fange opp kvaliteten på staden og stolpane på bygget glir lett inn blant dei flotte, freda furutrea. Med tilhøyrande Kafè Teiser som felles møte- og spisestad og eit flott utenomhusareal med plass for rekreasjon, uteservering, avslapping, parkering for bil og sykkel, lading av el-bilar og el-syklar med meir, blir dette eit moderne senter for verksemder i naturskjønne omgjevnadar. Bygget drivast på kommersielle vilkår og er sjølvfinansierande.

Fagmiljø og samarbeid

Fyresdal Næringshage er eit kompetansesenter innan bioøkonomi. Vi har etablerte møteplassar, eit fargerikt miljø og ein kultur der vi samlast og utvekslar erfaringar og idear. Vår erfaring er at vi alle dreg nytte av kvarandre i eit fellesskapsorientert kompetansemiljø. Dette har klare fordelar. Verksemdene overlever lenger,  større sjanse for nye idear og sette desse ut i live, raskare strukturering av verksemda, tilgang til etablerte nettverk, ein trekkjer til seg kompetanse og aukar sjansane for å få og behalde høgt utdanna arbeidskraft.

Banebrytande offentleg og privat samarbeid

Etter at den nye Austfløyen opna 1. oktober 2016 nærmar det samla fagmiljøet i Fyresdal Næringshage seg 100 personar! For ein kommune med 1350 innbyggerar er dette unikt. I tillegg har vi prøvd noko nytt. Næringshagen har fått ei rekkje nye kontor for priavate verksemder, men vi har også fått inn Fyresdal kommune, Kyrkjekontoret og NAV Fyresdal som leigetakarar.

Dette blir ein spennande miks for utvikling av miljøet framover er unikt i nasjonal samanheng, Det har skapt eit dynamisk og stort, felles arbeidsmiljø i bygda. Eit stort miljø med mange personar som skal virke i saman. Vi håpar at modellen vil kunne opne nye moglegheitar og auka kompetanse for utvikling av privat/offentleg samarbeid.

Drift av Fyresdal Næringshage er finansiera av Fyresdal Kommune og Telemark Fylkeskommune.

fyresdal_vapen Fyresdal Kommunelogo

Fyresdal Næringshage sine visjonar og kultur

Vår misjon

Kva hadde verda gått glipp av utan Fyresdal Næringsshage? Jo, vi utviklar eit  framtredande kompetansemiljø innan bioøkonomi for betre utnytting av ressursane og dermed meir berekraftig vekst.

Vår visjon

Vår visjon er vår ledestjerne – den gjer oss retning og inspirasjon. Vår visjon er å skape ny bærekraftig sysselsetting!

Vår filosofi og kultur

Vår filosofi er at ved å samle ei rekkje kompetanseverksemder og ressurspersonar på ein stad kan vi lære av kvarandre og utnytte kvarandre sine kunnskap og fortrinn. Dermed blir det skapa vekst og utvikling. Nye forretningsideer skal ha gode vekstvilkår hjå oss og kulturen i Næringshagen er prega av kreativitet, nysgjerrighet, pågangsmot og raushet.

Vil du jobbe i eit fagmiljø?

Vi har kontor til leige. Små kontor, store kontor, hjørnekontor, endekontor eller kontor for å dele. Di verksemd kan også leige sin eigen seksjon. Er du student frå Fyresdal tilbyr vi gratis kontor til eksamensførebuingar eller for å skrive bachelor- eller masteroppgåve.