I Fyresdal Næringshage har nye forretningsidear gode vekstvilkår!
Fyresdal Næringshage held til i Fyresdal kommune i Telemark. Næringshagen ligg på Telemark si flottaste næringstomt, 20 meter frå vasskanten til Fyresvatn. Vi tilbyr topp moderne kontorfasilitetar og eit raust fellesskap. Vi som jobbar her ser på oss sjølv som kreative og opne. Vi ser på moglegheitane, ikkje problema. Kulturen er prega at vi er stolte av bygda, at vi hjelper kvarandre, vi er nysgjerrige på utvikling og har eit pågangsmot.