Meld deg på nyhetsbrev

Om Fyresdal Næringshage

I Fyresdal Næringshage har nye forretningsidear gode vekstvilkår!

Fyresdal Næringshage held til i Fyresdal kommune i Telemark. Næringshagen ligg på Telemark si flottaste næringstomt, 20 meter frå vasskanten til Fyresvatn.  Vi tilbyr topp moderne kontorfasilitetar og eit raust fellesskap. Vi som jobbar her ser på oss sjølv som kreative og opne. Vi ser på moglegheitane, ikkje problema. Kulturen er prega at vi er stolte av bygda, at vi hjelper kvarandre, vi er nysgjerrige på utvikling og har eit pågangsmot.

LES MEIR

Fagmiljø

Møteplassar

Tett på naturen

Kontor med lynraskt internett

Videokonferanseutstyr

Kafé

Fordelar i Fyresdal Næringshage

Fyresdal Næringshage har totalt 80 topp moderne kontor og vi har har gode møterom med fantastisk utsikt, konferansesal, videokonferanseutstyr, lynraskt internett, tilgang 24/7, proff printarutstyr, eigen kafè og etablerte møteplassar for utveksling av kunnskap og kontaktar.

Fyresdal Næringshage har kompetanse knytt til etablering av verksemder, ulike verkemiddel og finansieringsordningar. Innan fagfeltet bioøkonomi har vi verksemder med regional og nasjonal spisskompetanse.

LES MEIR

5 minuttars samfunnet

Det er det daglege som tel. Sjølv om Fyresdal ligg eit stykke frå større byar, har Fyresdal Næringshage ein særs god plassering i høve til det ein treng i kvardagen. Innan ein spasertur på 5 minutt har du tilgang til barnehage, skule, kulturskule, bibliotek, bank, politi, treningssenter, utandørs treningspark, butikkar, fin natur, jogge og sykkelløyper, utandørs kjøkken, båtplass og bryggje og ikkje minst ei herleg sandstrand med gode bademoglegheiter.

LES MEIR

Verksemder i Næringshagen

Heile 20 verksemder er i dag lokalisert i næringshagen. Nokon av desse er større verksemder,  nokre er mindre mens andre har delar av verksemnda si her. Dette enten som eit eige kontor for nokon av dei tilsette, eller som eit pendlarkontor som ein nyttar nokre dagar i veka.

Det er særleg moglegheiten til å jobbe i eit mangfaldig kompetansemiljø som er fortrinnet i næringshagen. Ei mindre verksemd i etableringsfasen kan dra stor nytte av den kompetanse og tenester det samla miljøet representerar. Tilsvarande utvidar nye aktørar moglegheiten for dei etablerte.

Nokre av verksemdene i Næringshagen er Sweco, Vinje Industri, Faun Naturforvaltning, Silva Consult, NC Spectrum, Siemens, Solberg Maskin, Vest-Telemark Rekneskapsservice, Førstehjelpskompetanse, AT Skog, Fyresdal Kommune, KVITO, Politiets Fellestjenester, ZIZU, Den Norske Kirke, NAV og Fyresdal Frivillighetssentral.

NYHEITER

Kontakt oss

Eit synlig, slagkraftig kompetansemiljø som lever som vi lærer, bidrar til personleg utvikling og bærekraftig sysselsetting. Vil du bli ein av oss? For meir informasjon, prisar eller anna, ta kontakt med Kristin Vedum.

Fyresdal Næringshage – framtidas arbeidsplassar.

Kontakt oss;
kristin.vedum@silvaconsult.no
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal.
www.fyresdalnaeringshage.no