Etter fem år i andre roller, mellom anna som omstillingsleiar i Fyresdal kommune og som sal- og marknadsutviklar i Vinje Industri, er han no tilbake i FAUN i ein fase der selskapet skal styrkje fagleg profil, organisasjon og vidare vekst.
FAUN Naturforvaltning har hovudkontor i Fyresdal Næringshage og leverer rådgiving og tenester innan vassforvaltning, vilt, plan og utgreiing, laboratorieanalysar og miljørådgiving. Selskapet har i dag ti tilsette og oppdrag over heile Noreg.
– Det er moro å vere tilbake, seier Austjord. FAUN har eit solid fagleg fundament og ei viktig rolle innan naturforvaltning i Noreg. No ser eg fram til å løfte selskapet vidare. Saman med ein dyktig stab av fagfolk skal vi utvikle både organisasjonen og leveransane, og ta ein større del av eit veksande marknad, seier han.
FAUN arbeider etter ein nyleg vedteken strategi for perioden 2025–2028. Målet er å styrkje den faglege profilen ytterlegare, vidareutvikle tenestetilbodet og leggje til rette for vekst i både omsetnad, lønnsemd og talet på tilsette.
Med Austjord si erfaring, gode kjennskap til selskapet og forståing for både fag og marknad, ligg det godt til rette for neste utviklingsfase.
– Vi ser fram til å bidra til vidareutviklinga av FAUN som eit sterkt og anerkjent fagmiljø, seier Olav Veum, dagleg leiar i Fyresdal Næringshage. FAUN har nyleg inngått målbedriftsavtale med Fyresdal Næringshage.