Fyresdal Næringshage inviterar til frukostmøte torsdag 6. mai på Teisner Mathus. Alle er velkomne!
Frukost serverast kl 7.30.
Kl 8.00 Nokre korte glimt frå bedriftene
Status for Fyresdal Næringshage. Distriktsarbeidsplassar etter Covid-19. Digitalisering og større fleksibilitet skapar rom for fleire arbeidsplassar i Fyresdal. Kort presentasjon av prosjektet NO LIMIT Fyresdal, v/ dagleg leiar Olav Veum
Hamaren Aktivitetspark til nye høgder. Nye planar skaper optimisme og attraksjon. Lokalt kompetansemiljø er viktig drivkraft for å sikre finansiering, utvikling og framdrift. v/ Monica Sølyst, Faun Naturforvaltning. Digital motorveg gjer oss grenselause.
NC Spectrum leverer tenester innan nettverk og datasikkerheit med kundar over heile landet. Selskapet er i vekst. Lokalisering i Distrikts Norge er ingen hindring for å utvikle kompetansemiljø. v/ Prosjektsjef Espen Valseth – NC SpectrumBygg i Tre – nasjonalt nettverk for bærekraftig utvikling med base i Fyresdal. Korleis gjer vi bærekraft lønnsamt?
Bygg i Tre har ei pådrivarrolle og sprer kunnskap over store delar av Sør-Øst Norge. Tett samarbeid med offentleg sektor og eit godt døme på korleis funksjonar innan samfunnsutvikling kan desentraliserast. v/ Kristin Vedum, Silva Consult.
Kl 8.30 Kva vil politikarane?
Fylkeskommunen som utviklingsaktør. Korleis kan Vestfold Telemark Fylkeskommune legge til rette for å styrke kompetansemiljøa i distrikta. Kan arbeidsplassen følgje personen? v/ Fylkesvaraordførar Sven Tore Løkslid
Nasjonal næringspolitikk etter Covid-19. Kan vi bruke kunnskap og erfaring til større vekst i Distrikts Norge. Korleis kan ny lærdom om digitale løysingar bidra til auka folkevekst i Bygde Norge ? v/ Stortingsrepresentant Terje Lien Aasland, 2. nestleiar i Næringskomiteen.
Oppsummering v/ Ordførar Erik Skjervagen
Kl 9. SLUTT!
VELKOMEN!
Ingen påmelding – bare å komme
Comments are closed.