Har di bedrift ein person som treng formell kompetanse som maskinskøyrar ?
Veit du om personar som kunne bli aktuell for ein jobb med betre formell kompetanse ?
I regi av prosjektet Kompetansepilot i Øvre Telemark legg Fyresdal Næringshage no til rette for gratis maskinførarkurs for rette vedkommande måndag 5. – onsdag 7. juni 2023.
Vi ønsker å kome i kontakt med entreprenørar, enkeltpersonar eller arbeidsgivarar som kjenner til personar som kunne ha nytte av tiltaket. Kompetansepilot Øvre Telemark rettar seg mot verksemder i heile regionen og skal forsøke nye måtar å tilføre kompetanse på. Vi ønskjer med dette å teste ut om ein gjennom eit lokalt tilrettelagt tiltak kan sikre betre kompetanse i verksemder samtidig som fleire blir aktuelle kandidatar for eit viktig yrke.
Kurset blir i Fyresdal på dagtid. Begrensa antall plassar. Personar med tilknyting til ei verksemd med mogleg praksisplass blir prioritert, men alle kan ta kontakt. Vi fyller opp kurset til det er fullt.
Merk: For å kunne føre anleggsmaskin på eigen hand må du vere fylt 18 år, men opplæringen kan starte ved fylte 17 år. Kompetansebeviset får du når du fyller 18 år.
Er du interessert ta kontakt med:
Olav. A Veum
Fyresdal Næringshage
Olav.veum@silvaconsult.no
Comments are closed.