Tomteareala er kjøpt av Myldr Energipark, som har hatt ansvar utvikling av prosjektet samt hogst og klargjering av området. Grunnarbeidet blir utført av eksterne entreprenørar og omfattar naudsynt tilrettelegging for vidare utbygging dersom prosjektet blir realisert.
Sjølv om EdgeConneX enno ikkje har fatta endeleg investeringsvedtak, blir arbeidet som no er i gang sett på som eit viktig steg i prosessen. Kommunen har vore tydeleg på at ei eventuell etablering vil få stor betydning for næringsutvikling og sysselsetting i Fyresdal og resten av Vest-Telemark.
Ordførar Erik Skjervagen har peika på at prosjektet vil utløyse mange oppdrag i ulike delar av verdikjeda. Målet er at lokale og regionale verksemder skal kome i posisjon til å levere tenester innan mellom anna anlegg, drift, service og vedlikehald. Allereie no er fleire lokale aktørar i dialog med utbyggjarar og hovudentreprenørar.
Ei eventuell realisering av datasenteret vil kunne skape mange nye arbeidsplassar både i utbyggingsfasen og i drift over tid. For regionen er dette viktig for å oppretthalde og auke busetting, kommunale tenester og tilbod av varer og tenester frå det private næringsliv.