Inge Aamlid er ein erfaren byggmeister med brei bakgrunn frå byggjebransjen. Han er kanskje mest kjend som prosjektleiar og byggmeister for Tretoppvegen i Fyresdal – eit prestisjeprosjekt som har fått både nasjonal og internasjonal merksemd, og som har motteke fleire prisar for design, utføring og heilskap. Prosjektet er eit godt døme på høg handverkskvalitet, krevjande gjennomføring og bruk av tre som byggjemateriale.
Gjennom verksemda si arbeider Inge med nybygg og rehabilitering av bustader og hytter, prosjektleiing og fagleg rådgjeving.
I tillegg er Inge no innleigd av Fyresdal kommune som byggeleiar for fleire sentrale utviklingsprosjekt. Dette omfattar bygging av nytt ridesenter, ombygging av bustadeininga Skogtun til fleire bueiningar, samt utbygginga av Årshusjordet i Fyresdal sentrum med totalt 26 nye bueiningar.
Inge er utdanna bygningssakkyndig takstmann, og tilbyr taksering av bustader og fritidsbustader, samt utarbeiding av eigarskifterapportar ved sal av bustad. I 2025 gjennomførte han eit større takseringsoppdrag for Nissedal kommune i samband med innføring av eigedomsskatt. Han tek gjerne på seg fleire takstoppdrag og kan kontaktast direkte.
Vi ønskjer Inge Aamlid velkommen på laget!
Kontaktinformasjon:
Telefon: 976 84 167
E-post: inge.aamlid@gmail.com