Planane om datasenter i Fyresdal Myldr Energipark har gått inn i ei ny fase. Datasenteraktøren Edge ConneX har sikra seg tomteareal på Molandsmoen og dei første grunnarbeida er sett i gang. Arbeidet skal leggje til rette for ei mogleg etablering av datasenter og ein mellombels brakkelandsby for arbeidarar.