Vi har i dag omlag 15 bedrifter i næringshagen. Nokon av desse er større bedrifter, nokre er mindre medan andre har delar av bedrifta si her. Anten som eit eige kontor for nokon av dei tilsette, eller som eit pendlarkontor som ein nyttar nokre dagar i veka.
Meld deg på Nyhetsbrev

Faun

Faun Naturforvaltning er eit konsulentselskap som jobbar med natur. FAUN tilbyr tenester innan viltforvaltning, fiske og vassdragsforvaltning, naturkartlegging og forvaltning, planlegging og gjennomføring av utviklingsprosjekt, næringsutvikling og naturbasert reiseliv.

www.fnat.no

AT Skog

AT Skog er eit andelslag tilslutta Norges Skogarforbund. AT Skogs formål er gjennom berekraftig ressursutnytting å sikre best mogeleg avkastning på andelseigarane sine eigedommar. Hovudaktivitet til andelslaget er omsetning av tømmer og tenester knytt til dette. AT Skog har kontor for 3 av sine tilsette i Fyresdal Næringshage.

www.atskog.no

Silva Consult AS

Silva Consult AS er eit lite og ekspeditt konsulentfirma. Silva tilbyr tenester innan forretningsutvikling, strategiarbeid, management for hire, skogforvaltning, utgreiing og analyse, styrearbeid, prosjekt- og oppdragsleiing, marknadsføring,  arealplanlegging, landskapsressursanalyse og konsekvensutgreiing.

www.silvaconsult.no

Signe Greivstad AS

Signe Greivstad AS er eit lite og fleksibelt konsulentselskap. Selskapet har spisskompetanse innan HMS og tilbyr tenester som HMS- planer, SHA- planar, byggeleiing, risiko- og sårbarhetsanalyse, avviksoppfølging, gransking av alvorlege hendingar med stor potensial for alvorleg ulykke, opplæring innan ulike tema mm. Signe tilbyr også tenester innan prosjektleiing og – planlegging.

signe@greivstad.no
tlf 918 72 527

Treungenfestivalen

Treungenfestivalen blir arrangert årleg fyrste helga i august. Treungenfestivalen ligg ved vasskanten til Nisser og presenterer i år over 40 artistar, har fleire scener, eit variera program og eit eige ungdomsarrangement. Treungen tilbyr eit stort festivalområde med gode fasilitetar og internlogistikk.

www.treungen.no

Førstehjelpskompetanse

Førstehjelpkompetanse tilbyr kurs innan førsthjelp og akuttmedisin. Sidan selskapet starta opp i 2004 har dei lært opp meir enn 3000 personer over heile Sør-Norge.  Førstehjelpkompetanse sine instruktører er alle autoriserte ambulansearbeidere. I tillegg til kursverksamd jobbar alle innan den regulære ambulansetjenesta. Insruktørane har høg teoretisk kompetanse og brei erfaring og dei er alle godkjente gjennom Norsk Resuscitasjonsråd.

www.forstehjelpkompetanse.no/

Telemark Lys

Telemark Lys er ei attføring- og integreringsbedrift som tilrettelegg og medverkar til at fleire beheld arbeidet eller kjem ut i arbeid. Telemark Lys jobbar med integrering av flyktningar og hjelpe dei ut i jobb.

www.telemarklys.no

Animalia

Animalia er eit av Norges leiande fag- og utviklingsmiljø innan kjøtt- og eggproduksjon. Dei arbeidar langs heile verdikjeda frå gard til bord for å styrke tilliten til kjøtt- og eggbransjen. Dei jobbar for høg kvalitet på produkta, auka verdiskaping og effektiv produksjon. Animalia har ein av sine tilsette i Fyresdal Næringshage.

www.animalia.no

Kjell Asbjørn Solberg AS

Kjell Asbjørn Solberg AS utfører alle typer gravearbeid, landmåling, utleige av maskiner og utstyr.

E-post: post@solbergmaskin.com
Web: www.solbergmaskin.com

Morten Solberg:
414 73 237

Vest-Telemark Næringsforum

Vest-Telemark Næringsforum er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmene. VTNF er ein på drivar for vekst og utvikling i Vest-Telemark – på tvers av bransje og konkurranse.

www.vtnf.no

Fyresdal Ambulanseteneste

Fyresdal ambulanseteneste er ei privateigd teneste som har kontrakt med prehospital tenester på Sørlandet sjukehus. Tenesta er døgnbemanna. Ambulansepersonellet har fagbrev som ambulansearbeidarar, har autorisasjon, utrykningssertifikat og følger prehospital tenester sine retningslinjer og medisinske prosedyrar.

jan.tore.berve@sshf.no
Tlf 951 71 152

NC Spectrum

NC-Spectrum er eit konsulentselskap med fokus på prosjektering, rådgjeving,  etablering og drift av elektronikk og infrastruktur i breibåndsnett. NC-Spectrum sine løysingar er  innovative og fleksible, og blir skreddarsydd til utfordringar som set krav til oppetid og stabilitet. NC-Spectrum har ein av sine tilsette i Fyresdal Næringshage.

www.nc-spectrum.no

Vest-Telemark Rekneskapsservice

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er eit rekneskapførarselskap med autorisasjon av Finanstilsynet. Dei tilbyr regnskaps- og økonomiservice, rådgjeving og kontorstøtte til alle typer næringsdrivande.

www.vtr.no

Ravn Webveveriet

Ravn Webveveriet  skapar skreddarsydde nettløysningar basera på semantisk teknologi. Dei utviklar nettsteder for ulike målgrupper med fokus på brukaropplevingar og tilgjengelegheit, samt tenester knytt til ulike problemstillingar innan omgrepet «e-læring».

www.ravn.no 

Den Norske Kirke

Fyresdal Kommune