– Utfordringane framover er klima, verdiskaping og arbeid. I Noreg er det rekordhøg arbeidsløyse, og det blir etablert veldig få nye arbeidsplassar. Det er dramatisk. Me må skape moglegheiter for etablering av arbeidsplassar i privat sektor, sa Aasland.

Innan 2030 skal Noreg ha kutta 40 prosent i klimagassutsleppet.

– Det vil krevje mykje av oss. Dei næringane de er opptekne av her i dag kan spele ei vesentleg rolle, sa stortingsrepresentanten.

Lite deltakande stat

Han var bekymra for dei enorme utsleppa frå bilparken og transportsektoren.

– Me kan velje å bruke berekraftig biodrivstoff for køyretøy. Auke andelen biodrivstoff med 40 prosent innan 2030, sa Aasland.

I Noreg er skogtilveksten 25 millionar kubikkmeter i året, medan det blir hogge bare 10 millionar kubikkmeter tømmer.

– Det er eit enormt verdiskapingspotensial. Det ville vere kjempebra om éin tømmerstokk ville ha verdi som ti tømmerstokkar når han er ferdigbehandla, sa Aasland rundt full utnytting av tre som bioprodukt i Noreg.

Han kom inn på moglegheitene og avgrensingane for å få til bioproduksjon, mellom anna er det mange prosjekt og idear. Men så sa Aasland at landet har ein lite deltakande stat når det gjeld satsingar. Vidare at det er mangel på kapital for å få på plass produksjonsverksemder.

– Me må sørge for at Noreg som arena for investeringar blir langt meir attraktiv, sa Aasland.

Statlege lånegarantiar

Han nemnde fleire ting ein må gjere for i større grad å lykkast i den grøne satsinga og langt meir bruk av bio.

– Skognæringa må bli eit nasjonalt strategisk satsingsområde, og ein må styrkje den næringsrelaterte forskinga. Vidare må ein sikre kapital i verdikjeda frå idé til kommersialisering, og etablere ordning med statlege lånegarantiar eller i enkelte tilfelle direkte eigarskap, sa Aasland.

– Treprodukt må erstatte fossile brennstoff

Administrerande direktør i AT skog, Anders R. Øynes, sa på Fyresdal-konferansen at det er langt igjen før ein er ved det grøne skiftet. Han nemnte at i Danmark er det stort søkjelys på biomasse, Noreg er attraktiv med tanke på skogråvarer og eksportandelen til nabolandet vil auke. Vidare opplyste han at i Sverige blir det gjort formidable investeringar i industri, men slik er det ikkje i Noreg.

– Me har til gode å etablere ny industri i Noreg. Me har gjort det før og kan gjere det igjen. Me manglar ganske mange handlingar. Å gå frå ord til handling er kjempeviktig, sa Øynes.

Han syntest det er for lite strategiar på kva ein i Noreg skal satse på for å tiltrekkje seg kapital og investorar med tanke på bioproduksjon.

– Skogmeldinga manglar strategiske grep og er litt uklar på tiltak, sa Øynes.

Han peika på kva som må til om ein skal realisere det grøne skiftet i ei tid der ein av Noregs største biologiske ressursar er skog.

– Få fornuftig bruk av biologiske ressursar. Og treprodukt må erstatte stål, betong og fossile brennstoff, sa Øynes.

Så heldt han fram:

– Me må etablere ny norsk treforbrukande industri slik at verdiskapinga blir i landet. Etter at mange treforedlingsbedrifter er lagt ned i Noreg er verdien av skogen kraftig redusert fordi råstoffet må eksporterast ut av landet. Viktige inntekter blir borte frå by og bygd, og skatteinntekter og dei enorme ringverknadene som industrien skaper blir borte, sa Øynes.

Behov for mykje meir biomasse

Bjørn Håvard Evjen er forskingsdirektør i Norsk institutt for bioøkonomi. På BIG BIO viste han til at det er veldig mange moglegheiter å utnytte skogen til. Mellom anna nemnte han at i Bergen er det bygd verdas største trebygg og mange studentbustader er no bygd av tre. Vidare er mange produkt basert på cellulose. Og tre som biodrivstoff har ein kjempemarknad med tanke på mellom anna fly, båt og tungtransport.

– Det er ikkje bare snakk om å utnytte ressursane framover – på same tid skal ein redusere klimabelastningane, sa Evjen.

Han slo fast at det blir behov for mykje meir biomasse i framtida.

– Investeringane må skje i Noreg, og i biomasseproduksjon. Bioøkonomi kan ikkje vere salderingspost. Det må skapast marknader. Det krev aktive val og handling, sa Evjen.

Kan bli biofabrikk i nærområdet

Skogen treng betre avsetning for biprodukt som massevirke, og treindustrien treng betre avsetning for biprodukt som flis, spon, avkapp og bark. På konferansen i Fyresdal informerte Lars Frode Askheim i det to år gamle selskapet Biozin AS om planar for utnytting av desse skogråvarene. Biozin er eit dotterselskap av Bergene Holm AS, som har eit kjempesagbruk i Åmli, nabokommunen til Nissedal.

Teknologien Biozin ynskjer å nytte er ny, amerikansk, patentert og har garantert kvalitet og utbyte, i fylgje Askheim. Produksjonsmetoden går ut på å setje varme og trykk på flisa og spona tre slik at ein får ut ei blanding av bensin, diesel og parafin. Biozin sender så biodrivstoffet til raffineri der råvarene blir skilde ut kvar for seg. Ein kan kome opp i 30 prosent innblanding av bio i drivstoff i Noreg.

Biozin ynskjer å byggje fem biodrivstoff-fabrikkar i Sør-Noreg, mellom anna kan det bli etablering i Åmli. Kvar fabrikk vil koste to milliardar kroner og vil ha behov for 700 000 kubikkmeter tømmer i året. Det unike med produksjonen av biodrivstoffet er at ein i startprosessen kan ha svært mykje bark innblanda.

Ynsket frå Biozin er at Åmli kommune syter for opparbeidd tomt som er klar for verksemda å byggje på.

– Me etablerer oss fyrst der det blir lagt til rette for det, sa Askheim.

Ved etablering av fabrikk i nærområdet til skogressursane kan skogeigarane rekne med auka inntekter på tømmeret fordi avstanden til mottakaren blir langt kortare. Vidar blir råvara utnytta her til lands, i staden for å bli eksportert. Det skapar mellom anna lokale verdiar som 75 årsverk per Biozin-fabrikk. Etter det kjem dei indirekte verknadene av bioproduksjonen.

Årleg produksjon per fabrikk er rekna til 120 000 kubikkmeter biozin og store mengder overskotsvarme. Kjøparar er oljeraffineri og energikundar.

Det vil ta tre år før avgjerda om å investere i ein fabrikk er tatt til produksjonen er i gang.

– Eg trur me skal klare å få til dette, avslutta Askheim orienteringa om ein bio-idé midt i klimadebattider.

Skrevet av Geir Ufs, Vest-Telemark Blad, 13. desember 2016