Vest-Telemark Konferansen utvidar i år programmet og startar kl. 09.30. Dagen er delt opp i 2 temadeler der du kan delta på båe, eller berre den siste. Del 1 har innkjøp som tema og korleis vi kan leggje til rette for næringsutvikling og auka verdiskaping som følgje av offentleg-privat samarbeid. Temadelen arrangerast av ByRegionsprogammet i Vest-Telemark samen med NHO. Byregionsprogrammet er eit utviklingsprogram for byregionar som skal auke kunnskapen om samspelet mellom by og omland for å styrke den regionale vekstkrafta. Delar av programmet gjennomførast av Vest-Telemark Næringsforum og Fyresdal Næringshage i eit samarbeid med Vest-Telemark Næringsutvikling og Telemark Næringshage.
Frå andre regionar ser vi at anskaffingar kan vere regionen si drivkraft. Gjennom anskaffingar kan både det offentlege og det private leggje til rette for å utvikle eit større, sterkare og meir mangfaldig næringsliv. For innkjøpar kan dialog med leverandørmarknaden gje betre og billigare løysingar, medan leverandørar får innsikt i kundens behov, det opnar opp for eigne og betre løysingar og for auka omsetning.
Del 2 er Vest-Telemark Konferansen slik me alle kjenner den, med spanande føredragshaldarar og reelle case frå næringslivet. Konferansen avsluttas med felles middag. Program for del 2 kjem i veke 1. Sjølv om programma ikkje er heilt klare, håper me de vil setje av datoen allereie no og kanskje også melde dykk på. Me håpar å sjå så mange som mogleg til ein inspirerande og lærarrik dag på Quality Straand hotell, Vrådal 1. febuar 2017.
Smakebitar frå programmet; Kan innkjøp vere Vest-Telemark si drivkraft for å skape nye arbeidsplassar?
Innovative anskaffingar – Noregs raskaste innovasjonsmotor?
Nasjonalt program for leverandørutvikling er kanskje Noregs raskaste innovasjonsmotor! Cecilie Møller Endresen er prosjektleiar for Nasjonalt og regionalt program for leverandørutvikling i NHO. Ho fortel oss om leverandørutviklingsprogrammet og innovative anskaffingar – kva er dette? Kva for effektar og gevinstar kan utviklande innkjøp gje, både for det offentlege og for det private næringslivet? Les meir på http://leverandorutvikling.no/
Fleirbrukshall i Fosnes er sett opp av lokale leverandørar
Eit strålande døme på korleis innovative anskaffingar kan skape vekst i distrikts-Noreg får me presentert av Rønnaug Aaring. Aaring, rådmann i Fosnes Kommune, fortel om korleis ein liten kommune med 630 innbyggjarar, utan innkjøpsressursar, bruka metoden innovative anskaffingar og føretrakk lokale leverandørar i sitt konkurransegrunnlag og prosjekt. Resultatet vart eit bygg som ikkje kosta noko meir, som gav vekst for heile bygda og som utvikla det lokale næringslivet. I november vart Fyret, som eit av 5 prosjekt i Noreg, nominera til Zero sin klimapris.
Fleirbrukshallen Fyret i Fosnes Kommune i Nord-Trøndelag opnar i januar og er eit av Noregs mest energieffektive storbygg. Les meir om Fosnes på http://leverandorutvikling.no/forside/fyret-nominert-til-klimapris-article1341-697.html
Innovative anskaffingar førte til nye produkt og større marknad for Nærenergi
Nærenergi på Klepp i Rogaland er blant Noregs leiande kompetansemiljø innan innlandsbruk av biogass, propan og naturgass. Administrerande direktør Tore Meinert fortel om fordelane og moglegheitene innovative anskaffingar kan gje for det offentlege og for det private næringslivet. For Nærenergi har innovative anskaffingar ført til at dei har utvikla nye produkt, fått fleire kundar i eit større geografisk område og derav auka omsetning. Meinert fortel og om korleis kommunane kan leggje til rette for ein god, utviklande anskaffingsprosess og korleis det gjer vinn-vinn både for kunde og leverandør. Les meir på; http://leverandorutvikling.no/for-naeringslivet/bygger-med-graaten-i-halsen-article1316-705.html
For spørsmål ta kontakt Kristin Vedum, tlf 93259472 – For påmelding; Påmelding Vest-Telemark Konferansen
Skrevet av Kristin Vedum Fyresdal Næringshage 20. desember 2016
Comments are closed.