Det var så stor interesse for å vere med på eit grønt inspirasjonsarrangement, Førsdalskvelden, i Fyresdal næringshage at ein veka før måtte stenge moglegheita for å melde seg på. 75 personar frå fleire kommunar i Vest-Telemark ville ha med seg ulike innslag og foredrag som kanskje ville gje inspirasjon og tankar om å forvalte framtidas og landets ressursar. Vidare korleis ein kan utvikle seg i distrikta og drive bygdebusiness.

Anne Snarteland møtte for å fortelje om reisa si frå byjente til bygdejente. Ho voks opp i Skien, bur nå på Ulefoss, er nestleiar i Telemark bygdeungdomslag og startar på grønt masterstudie på NMBU (Noregs miljøog biovitenskaplege universitet) neste haust. Ho planlegg å ta over garden Snarteland med 50 mjølkekyr om ni år, når onkel Aslak Snarteland blir minstepensjonist. På garden har Anne i periodar vore og hjelpt til med drifta.

– Eg skal fortelje om min veg fram til eit ynske om å bli bonde, for eg har ikkje alltid ynskt det, innleia 21-åringen.

Dyrskuhysteriet

Anne hugsa fyrste gongen ho gjekk inn i fjøset som lita jente.

– Det var så kaldt. Ei ku stod ytst – det bare virka som ho venta på at eg skulle kome og legge hendene inntil magen og stå der og varme ho. Eg kjenner den dag i dag at det er så godt å kome inn i fjøset, det er så roleg stemning og veldig triveleg der.

Så kom Anne inn på den gongen ho som lita jente blei dytta inn i det ho kalla Dyrskuhysteriet.

– Det var ei traumatisk oppleving. Desse dyra ville jo ikkje gå når eg ville gå. Folk lo, og eg grein. Eg møtte ikkje opp året etterpå, men alle åra etter det.

Så fortsette Anne:

– Å vere 5–6 år og tenkje; ja den garden kan bli din, det her er di framtid. Så er du så liten, å ja, ok.

Opp gjennom åra dreiv ho mellom anna med handball som tok mykje tid, og litt fjøs og ting og tang. Så nemnte ho vidaregåande skule og kva som skjedde på ei handballtrening der. Etter helga var folk så slitne, og det blei snakk om kva dei hadde gjort.

– Alle hadde vore på fest og russefeiring og slikt. Då eg blei spurd var svaret mitt; nei, eg har vore på saueleiting. Den har eg høyrd sia.

Anne la til at ho ikkje akkurat hadde vore i eit miljø som viste interesse for landbruk, utanom dei som var ein del eldre enn henne.

«Eg kjenner den dag i dag at det er så godt å kome inn i fjøset, det er så roleg stemning og veldig triveleg der.»

Inspirerande

Anne kom til eit vegval – byrja å tenke kva ho faktisk skulle gjere. Kva slag utdanning og jobb?

– Etterkvart byrja eg å kjenne meg sjølv – at eg likar veldig godt ting eg meistrar, og skal helst kunna alt før eg startar. Då er det ikkje så veldig kjekt at ein ikkje har drive med gard før. Det er mykje å sette seg inn i; vere økonom, agronom, helst kunne ein haug med jus og helst vere teknikar. Ja, det er mangt du skal ha veldig mykje greie på, sa 21-åringen.

Så fekk ho høyre om noko som heiter «vaksenagronom» på Søve. – Eg tenkte at eg kan jo prøve det, kanskje lære litt meir og bli litt meir trygg i det. Eg gjorde det, og det var veldig ok, sa ho om vegvalet. På den tida blei Anne spurd om å vere med i fylkesstyret i Telemark bygdeungdomslag.

Fyrste Dyrsku’ n:Då Anne var seks år gamal gjekk ho med kalv på Dyrsku‘n for fyrste gong, og den opplevinga hugsar ho godt.(Foto frå VTB-arkivet)Overta:Her hjelper Anne onkel Aslak Snarteland i fjøset i Fyresdal, ein gard 21-åringen etter planen skal overta om nokre år.(Foto: Olav Åsen Haugsgjerd)

– Eg visste ikkje heilt kva det var, men er arveleg belasta med styreverv og slikt, så då sa eg ja og angrar ikkje eitt sekund på det. For det er vel det som har gjort at eg har tatt eit val og funne ut at eg ynskjer å bli bonde. Fordi det er så mange der som er så inspirerande, og veldig mange flinke og unge som viser at det er moglegheiter. Det er fleire på min alder som har både grisar, sauer og kyr, sa Anne.

I tillegg nemnte ho at avløysarjobben ho har hatt er så inspirerande og så gøy å ha vore med på.

Kjempetiltak

Anne tok fram meir positivt ved å vere med i bygdeungdomslaget, som då ho var på landsstemnet i Noregs bygdeungdomslag (NBU) med 7000 medlemer.

– Det er så gøy med Noregs største vennegjeng. Eg får verkeleg venner for livet, og er kjempeheldig som har møtt så mange, sa ho.

NBU, McDonalds og Landbruksdirektoratet står bak kåringa av «Årets unge bonde».

– Dette er eit kjempetiltak for å inspirere unge inn i landbruket, sa Snarteland.

I NBU er ho veldig innprenta med grøn utdanning og at det er viktig, også fordi det kjem kompetansekrav til unge bønder framover.

– Det å kunne drive jorda di – for sjølv om du har lært alt av foreldra dine, betyr ikkje det at dei var gode bønder. Det er for meg veldig mykje å sette seg inn i, og det er det som gjer det så gøy.

– Kvifor skal ein ta denne grøne utdanninga? Jau, slik det var for meg er det dette med nettverk. Eg har venner eg kan snakke med om alt som har med landbruk å gjere, uansett kva det er, fortsette ho.

Stille dei dumme spørsmåla

Anne meiner det er viktig å ta vare på dei miljøa som er.

– Særleg bygdeungdomslaget som er så viktig for meg – der eg kan stille dei dumme spørsmåla ein ikkje vil spørje andre om, sa ho.

Bondenæringa er i konstant utvikling, så Anne har forstått at det er viktig å halde seg oppdatert.

– Nå har eg gått på Søve i halvtanna år, og har vonaleg ganske mange år til på skulebenken. Eg ser fram til å lære mykje, og få eit nettverk og bli kjent med fleire som kan støtte deg opp når det er litt trått. For nokon dagar er det sånn; dyra er snille og greie og har det fint, og sola skin. Så er det andre dagar når dei er i hagen klokka 04 om morgonen, sa Anne, og viste på storskjerm bilde av kyr som hadde kome seg inn i hagen på Snarteland.

Den komande bonden avslutta med desse orda:

– Det er så godt å kunne gå ut på Grønland i Oslo og ikkje vere aleine om å skrike; norsk mat, ja takk!

Arrangementstyrar Olav A. Veum slo fast at dette var eit inspirerande og artig foredrag. Han var ikkje aleine om å meine det, skal ein tolke den store applausen Anne Snarteland fekk frå alle dei frammøtte.