Bioøkonomi Telemark
Fagmiljøet i Fyresdal Næringshage la førige veke fram kommunikasjonsplattforma for Fyresdal Næringshage og fyrste rapport frå prosjektet Bioøkonomi Telemark. Prosjektet er eit strategisk prosjekt for utvikling av fagmiljøet i Fyresdal Næringshage og utvikling av Bioøkonomien i Telemark. Prosjektet er finansiert av Fyresdal kommune og Telemark Fylkeskommune.
Unytta berekraftige ressursar
Telemark har store unytta berekraftige ressursar som kan skape vekst og utvikling av nye arbeidsplassar, seier Olav A. Veum, prosjektleiar for Bioøkonomi Telemark. For fyrste gong samanstiller vi ressursoversiktar for bioressursane vatn, jord, utmark og skog i ein rapport. Vi ser at det innanfor alle område ligg store unytta ressursar og eit potensiale for ytterlegare vekst i ressursgrunnlaget gjennom forvaltning, seier Veum.
- Av jordressursane i Vest-Telemark blir berre 76 % nytta. Telemark har hatt ein nedgang i dyrka mark på 7.000 dekar i perioden 2002-2012. Det er eit betydeleg potensiale for nydyrking.
- Om lag 9 % av arealet i Telemark er ferskvatn. Det er eit produksjonspotensiale på villfisk på tilsaman 186 tonn/per år i dei største innsjøane. Potensialet for fiskeoppdrett i innsjøane er stort. Kombinasjonen av næringsfattige vatn og lite utslepp gir rom for store produksjonsvolum, opp mot 100 gonger potensialet på villfisk.
- Telemark har 6.146 km2 godt eller veldig godt beite. Om lag 30 % av dette utnyttast i dag. Dagens bruk tilsvarar årleg 2.290 tonn kraftfôr. Auka kjøttproduksjon basert på beiteressursen inneber store verdiar.
- Telemark har eit produktivt skogareal på om lag 5.300 km2. På det økonomiske drivverdige arealet står det nær 20 millionar m3 hogstmogen skog som kan haustast på kort sikt. Årleg avvirkning kan aukast frå dagens snitt på 617.000 m3 til 850.000 som eit langsiktig berekraftig nivå.

Helge Kiland i Faun Naturforvaltning legg fram potensiale for fiskeoppdrett i innlandet.
Telemark treng nye arbeidsplassar
Telemark treng nye arbeidsplassar og kloden treng berekraftige, klimavennlege produksjonar basert på miljøvennleg fornybart råstoff. Kartlegginga Bioressursane i Telemark syner det er store verdiar som kan nyttast i større grad. Ressursane kan danne grunnlaget for ny produksjon og industri i Telemark.

Ordfører i Fyresdal Kommune, Erik Skjervhagen ser postitivt på utviklinga i Fyresdal. Han påpeker at arbeidet som blir gjort i Fyresdal Næringshage er av stor betydning for næringsutviklinga i kommunen.
Strategi legges fram hausten 2016
Funna i rapporten Bioressursane i Telemark vil bli følgd opp i det vidare prosjektarbeidet. Hausten 2016 legg Fyresdal Næringshage fram rapporten Telemark mot Bioøkonomien som konkretiserer ein strategi for korleis vi i større grad kan nytte det biologiske potensialet i fylket.
For kontakt:
Olav A. Veum, prosjektleiar. tel: 90 13 89 98
Tor Gunnar Austjord, styreleiar Fyresdal Næringshage, tel: 977 60 277
Comments are closed.