Her har du alle tiders moglegheit om du har lyst til å drive kafé/restaurant!
I Fyresdal har vi kafé- og restaurantlokaler ledige for nye driverar. Lokala står heilt klare for drift og du kjem til ein unik mulighet – både markedsmessig og økonomisk. Kafélokala er samlokalisert med Fyresdal Næringshage, som er eit felles kontor- og utviklingsmiljø i Fyresdal kommune. Bygget har tilsaman 90 kontorplassar, og husar ein del private bedrifter og offentlege kontor.
Kafelokala i Fyresdal Næringshage har ein to-delt funksjon. På dagtid fungerar det som kantine for alle som har sin arbeidsplass på huset, for gjester, møtedeltakerar og besøkande. Det er mykje aktivitet på huset – og alle vil gjerne ha mat. Eit godt lunchtilbud saman med mat og drikke til ulike møter på dagtid er ein del av markedsgrunnlaget som kjem med «på kjøpet». I tillegg er kafeen godt egna for servering på ettermiddag og kveldar, i vekedagane og i helger. Det er mogleg å søke skjenkebevilgning i tilknytning til lokala. Ei rekke lag og organisasjonar har behov for møter på kveld med bespisning. Minnesamvær etter begravelsar er ein viktig funksjon. Per i dag er det ingen andre serveringsstader i kommunen som har opent på dagleg basis. Det er derfor eit stort potensiale for å etablere ny drift som kan ta ein god posisjon i bygda – både for innbyggerar og besøkande.
Lokala til kafeen i Fyresdal Næringshage ligg velig flott til. Bare eit steinkast frå Fyresvatn og bryggeparken, men Hamaren Aktivitetspark og Fyresdal Kurs og Leirsted som nærmaste nabo. Sommarstid er det mange badegjester som brukar bryggeparken. Kafeen ligg også heil tett ved sidan av båthavna i kommunen. Det er med andre ord bare fantasien som set grenser for kva for tilbod ein kan lage. Plasseringa legg til rette for eit bra kundegrunnlag. Sjølvsagt med betydelege sesongvariasjonar – men med eit stort og unytta potensiale.
Det er av stor betyding for både Fyresdal og Næringshagebygget at det er aktivitet og drift i kafeen. Ein har derfor tilrettelagt for ei eineståande startpakke for den som vil drive. Kafeen er GRATIS til leige det første året. Ein får tilgang på eit komplett storkjøkken og serveringslokale med kapasitet inntil ca 100 personar. Kostnader som straum, renovasjon, vannavgift etc blir dekt av huseigar. Leigetakar får tilgang på alt utstyr som er tilgjengeleg i lokalet.
For godt til å vere sant tenker du… Vel – vi ønsker å tilrettelegge for drift som kan skape eit stabilt og godt tilbod over tid for både dag, kveld- og helgeaktivitet. Det vil derfor vere viktig at ein har ein god dialog og langsiktige ambisjonar. Ta kontakt for nærmare informasjon. Vi ønsker drift i lokala så snart som mogleg. Det ligg eit stort markedspotensiale i sommarsessongen 2020.
Lokala er på omlag 300 m2, og vart totalrenovert i 2016.
Fasilitetar
- Fullt utstyrt kjøkken og møblert kafé/restaurant lokale. Komplett konsept.
- Møblert uteplass
- Breiband – fiber
- P-plass – nokre med lading for El-bil
- A/C med kjøling
- Brannsikring med sprinkelanlegg
Sjå vedlagte prospekt for meir informasjon og bilete: Prospekt Kafe Teisner 2020
Nabolagsprofil: Nabolagsprofil
Annonsen ligger også på Finn.no: Annonse på Finn
Kontakt:
Kristin Vedum
tlf 93 25 94 72
Olav A. Veum
Tlf 90138998
Comments are closed.