Fyresdal kommune har i samarbeid med Faun Naturforvaltning utvikla nye og spektakulære planar for Hamaren Aktivitetspark. Planane er så oppsiktsvekkande at Kulturdepartementet har løyvd kr 4 000 000 til Fyresdal kommune gjennom si tilskotsordning “Nyskapande aktivitetsarenaer”.
Bakgrunn
Hamaren Aktivitetspark har utgangpunkt i Fyresdal sentrum. Parken stod klar i mai 2017 og har sidan vore ein populær møtestad for alle aldersgrupper. Turvegen (ca 2 km) rundt Hamaren er universelt utforma og passar for gåande, syklande, barnevogner og rullestol. Undervegs finn du insekthotell, utekjøkken, grillhytte, gapahuk, kvilebenkar, natursti – for å nemne noko. I tillegg har parken ei flott sykkelløype med 11 hinder i tre. Sykkelløypa er 1 km lang og passar for alle aldrar. Høgdepunktet i Hamaren er gangbrua på utsida av fjellet – opplevinga av å sveve over Fyresvatn trekker stadig nye besøkande til Fyresdal og Hamaren Aktivitetspark.

Aslak Momrak Haugan er Fyresdal Kommune sin prosktleder og fortalte stolt om søknaden som er innvilga.
Fyresdal kommune har eit mål om å vere landets beste kommune på folkehelse
Evalueringar i ettertid har gjeve Hamaren særs gode skussmål. Det folk kunne tenke seg meir av er aktivitetar for dei minste borna og høvet til å gå ein lengre tur. Resultatet av Hamaren har vore at kommunen har fått mange fleire i aktivitet, særleg vaksne og eldre. Inaktivitet er ei utfordring og blant yngre, og kommunen ynskjer å bygge vidare på det gode konseptet og syte for at også den yngre generasjonen blir lokka ut og i rørsle. Fyresdal kommune har eit mål om å vere landets beste kommune på folkehelse. Ei vidareutvikling av Hamaren aktivitetspark med fokus på spontan og uorganisert aktivitet, vil vere med å gjere til at Fyresdal kommune når sine samfunnsmål.

Ordfører Erik Skjervagen smilte fra øre til øre i dag!
Nye spektakulære planer
I dei nye, spektakulære planane skal parken utvidast til å omfatte øya Kjeøyni, som ligg rett utanfor dagens parkområde. På øya skal det byggast turveg og aktivitetsflater både på bakkenivå og oppe i tretoppane. Hovudmålet med utvidinga er å skape attraksjonskraft og motivasjon til aktivitet blant eigne innbyggarar, særleg dei yngste, men og tilreisande frå heile landet. Eit anna mål er å inspirere andre kommunar til å satse på folkehelse og universelle anlegg der folk bur.

Birgit Reinskaas Lunden og Monica Sølyst er prosjektteamet fra Faun Naturforvaltning som har jobbet fram prosjektet dit det er i dag.
Pressemelding fra Fyresdal Kommune, 18. desember 2018
Comments are closed.