Vi i Fyresdal Næringshage ønskjer å sette søkelyset på dei som ynskjer å etablere si eiga verksemd. I tillegg vil vi leggje til rette for at etablerte verksemder kan ha større sjans til å lykkast i framtida. Entreprenørskap dreiar seg ikkje om størrelse på verksemd og pengar. Det er å skape framtidsretta og varige, lønsame varer og tenester. Det ER vanskelig – men det er lettare om ein er saman med andre likesinna.
Dei som er etablert i Fyresdal Næringshage er personer og verksemder som trivast i eit miljø der vi deler kunnskap og erfaringar med kvarandre. Fyresdal Næringshage tilbyr no gratis bedriftsrådgiving for lettare å komme frå ide til etablering. Tilbodet gjeld også for eksisterenda verksemder som ønskjer å styrke si evne til verdiskaping ved å vere lokalisert i eit kompetansemiljø der vi ser framtidsmoglegheiter, ikkje problem.
Fordeler

Felles møte- og mingleplasser har vi mange av i Fyersdal Næringshage.
Gjennom tilbodet får nyetableringar kontor og gratis bedriftsrådgjeving frå Fyresdal Næringshage. Dette kan være råd om korleis starte ei verksemd, velje selskapsform, utvikle forretningsmodell og marknadsstrategi, korleis bruke virkemiddelapparatet, lage økonomiske kalkyler med meir. Tilbodet gjeld også rådgjeving til etablerte verksemder som ønskjer å etablere seg hos oss, samt dei som er i Næringhagen og ynskjer å vidareutvikle eller profesjonalisere seg.
Fyresdal Næringshage tilbyr high speed internett, Kafé Teisner, kjøkken, proff printere, møterom, events, sosiale happenings, maximum fleksibilitet med tilgang 24/7 og fantastisk utsikt. Sist, men ikkje minst, det er sosialt å jobbe i eit stort miljø med både store og små verksemder.
Gratis kontor
For verksemder som er i oppstartfasa tilbyr vi gratis kontor i to månader. Deretter er det 1000 kroner pr kontorplass i 2 månader og til slutt normal leige. Gjeld dersom ein teiknar ei to års avtale. Har du allereie ei etablert verksemd ta kontakt eller besøk oss for å få pristilbod på den løysinga som passar best. Lite kontor, stort kontor, kontor å dele eller eige modul.
Første kontakt
Den første kontakten for deg som ynskjer å starte ny verksemd er heilt uforpliktande, men vi ønskjer noko informasjon slik at vi kan hjelpe best mogleg, samt vurdere om vi har tru på at din ide eller di verksemd kan bli ein av oss. Som en del av den første kontakta ønskjer vi at du fortel litt om kva som er din ide eller ditt prosjekt.
Tid til kvar?
I gjennomsnitt har vi ca 5 timer til kvar som ønskjer bedriftsrådgjeving. Er det behov for meir gjer vi avtale om dette undervegs!
FAKTA;
- 2 månaders gratis kontor og 5 timer gratis hjelp for ambisiøse og kreative nyetableringar – Din pitch, beskriv din forretningside eller prosjekt
- 5 timars gratis rådgjeving til nye verksemder som ønskjer å flytte inn hjå oss og til dagens næringshageverksemder som jobbar framtidsretta med nye produkt eller marknader
Kontakt oss! Kristin Vedum, kristin.vedum@silvaconsult.no tlf 93259472
eller Olav A. Veum, olav.veum@silvaconsult.no tlf 90138998
Comments are closed.