Vest-Telemark Online Kafé er ei kursrekkje på 5 samlingar som tek opp aktuelle tema for næringslivet i Vest-Telemark innanfor ulike område innan digital synligheit. Samlingane vil foregå i Telemark Næringshage, Kviteseid og Fyresdal Næringshage. På bildet ser vi kursdeltakar Monica Sølyst frå Faun Naturforvaltning og kafévert i Fyresdal Kristin Vedum frå Vest-Telemark Næringsforum.
Dagens samfunn er grunnleggjande digitalt
Dagens samfunn er grunnleggjande digitalt og det stiller krav til oss om å vere synlege på nett. Dei fleste av oss deler same utfordring: korleis skal ein nytte dagens digitale mediar korrekt, og korleis skal ein skaffe seg oversikt over kva som krevjas for å vere synleg på ein optimal måte? På bakgrunn av dette har det oppstått behov for auka kunnskap om strategisk bruk av digitale mediar og verktøy for å gjere dette i eiga verksemd. Det stillar krav til kunnskap om kva for verktøy som finst og korleis ein kan nytte desse på best mogleg måte. Næringsapparatet i regionen opplever at kompetanse knytt til digitale strategiar etterspørjas og at det generelt er stort fokus på korleis verksemdene skal lukkas betre på nett. Dette er problemstillingar me møter både hjå offentlege aktørar og det private næringslivet i regionen. På bakgrunn av dette arrangerer Fyresdal Næringshage, Vest-Telemark Næringsforum, Telemark Næringshage og Vest-Telemark Næringsutvikling i fellesskap Vest-Telemark Online Kafé.
Telemarkavisa skreiv ein artikkel om Vest-Telemark Online denne veka; sjå artikkel som er vedlagt. tirsdag 17. januar 2017-page-001
For meir informasjon om samlingane sjå også Facebooksida vår. Her kan du fortsatt melde deg på. https://www.facebook.com/vesttelemarkonlinekafe/?fref=ts
For påmelding; https://goo.gl/forms/lFm3IkgOjgvZIVVn1
Comments are closed.