Animalia er eit av Norges ledande fag- og utviklingsmiljø innan kjøtt- og eggproduksjon. Dei arbeider langs heile verdikjeda frå gard til bord for å styrke tilliten til kjøtt- og eggbransjen. Dei jobbar for høy kvalitet på produkta, auka verdiskaping og effektiv produksjon.
Lars Erik Gangsei er tilsett i Animalia http://www.animalia.no som spesialrådgiver og flytar no kontorplassen sin til Fyresdal Næringshage. I peroden 2016-18 er han leigd ut 75% til Topigs – Norsvin http://www.norsvin.no, kor han arbeider med å analysere CT – data fra levande råner (hanngriser) som nyttast i avlen. I dei restarande 25% av tida jobber Lars Erik med anvendt statistikk i ulike prosjekt hjå Animalia.
Arbeidsoppgåvene Lars Erik har i Animalia er i praksis ei oppfølging av doktorgradsarbeidet http://(https://www.nmbu.no/forskning/disputaser/pressemeldinger/2016/node/27467 ) han gjennomførte ved NMBU i perioden 2013-16. Lars Erik disputerte med sin doktorgrad innan utvikling av statistiske metodar for å analysere data fra CT-skannede griseslakt i mai i år. Målet med arbeidet til Lars Erik var todelt; Eit mål var å finne ein metode som reduserar prediksjonsfeilen for kjøttprosenten i griseslakt ved norske slakterier. Det andre målet var å utarbeide automatiske metodar for å gjenkjenne ulike typer vev både i levande grisar og slakt ved hjelp av Computed Tomography (CT).
Lars Erik Gangsei er utdanna ved NMBU og gjekk ut i 1999 med ein Master i Naturforvaltning. Etter endt studie i 1999 etablerte Lars Erik Faun Naturforvaltning saman med 3 kollegaer, Helge Kiland, Ole Roer og Tor Gunnar Austjord. Her jobba han i 11 år som utmarkskonsultent, før han i 2013 gjennomførte ein master i anvendt statistikk ved NMBU.
Vi ønskjer Animalia og Lars Erik velkomen til Fyresdal Næringshage.
Kristin Vedum, 9. juni 2016
Comments are closed.