Vi har i dag omlag 20 bedrifter i næringshagen. Nokon av desse er større bedrifter, nokre er mindre medan andre har delar av bedrifta si her. Anten som eit eige kontor for nokon av dei tilsette, eller som eit pendlarkontor som ein nyttar nokre dagar i veka.
Meld deg på Nyhetsbrev
fullsizeoutput_3f5f

Telemarklam AS

Skjermbilde 2020-11-27 kl. 12.39.04

Teisner Mathus AS

Teisner Mathus AS er ein serveringstad for folk i alle aldre. Her kan ein kome å ta seg ein kopp kaffe eller nyte eit godt måltid. Teisner Mathus har full skjenkeløyve. Lokaler, menyer og åpningstider er utformet slik at staden er ein  lun og hyggelig møteplass. Teisner Mathus tilbyr catering og du ka bestille lukkede selskaper som konfirmasjon, firmafest, begravelse etc.

For mer informasjon sjekk: Teisner Mathus  sin nettside, eller send mail til teisner.mathus@gmail.com

Faun

Faun Naturforvaltning er eit konsulentselskap som jobbar med natur. FAUN tilbyr tenester innan viltforvaltning, fiske og vassdragsforvaltning, naturkartlegging og forvaltning, planlegging og gjennomføring av utviklingsprosjekt, næringsutvikling og naturbasert reiseliv.

www.fnat.no

AT Skog

AT Skog er eit andelslag tilslutta Norges Skogarforbund. AT Skogs formål er gjennom berekraftig ressursutnytting å sikre best mogeleg avkastning på andelseigarane sine eigedommar. Hovudaktivitet til andelslaget er omsetning av tømmer og tenester knytt til dette. AT Skog har kontor for 3 av sine tilsette i Fyresdal Næringshage.

www.atskog.no

Silva Consult AS

Silva Consult AS er eit lite og ekspeditt konsulentfirma. Silva tilbyr tenester innan forretningsutvikling, strategiarbeid, management for hire, skogforvaltning, utgreiing og analyse, styrearbeid, prosjekt- og oppdragsleiing og marknadsføring.

www.silvaconsult.no

Fysio Vital

Fysio Vital tilbyr laserterapi, trykkbølgebehandling, akupunktur, ANF-terapi, fysioterapi, instruksjon og trening med slynge osv.

Vidar vindal
tlf 99 45 48 02

Førstehjelpkompetanse

Førstehjelpkompetanse tilbyr kurs innan førsthjelp og akuttmedisin. Sidan selskapet starta opp i 2004 har dei lært opp meir enn 3000 personer over heile Sør-Norge.  Førstehjelpkompetanse sine instruktører er alle autoriserte ambulansearbeidere. I tillegg til kursverksamd jobbar alle innan den regulære ambulansetjenesta. Insruktørane har høg teoretisk kompetanse og brei erfaring og dei er alle godkjente gjennom Norsk Resuscitasjonsråd.

www.forstehjelpkompetanse.no/

Telemark Lys

Telemark Lys er ei integreringsbedrift som tilrettelegg og medverkar til at fleire beheld arbeidet eller kjem ut i arbeid. Telemark Lys jobbar med integrering av flyktningar og hjelpe dei ut i jobb.

www.telemarklys.no

Animalia

Animalia er eit av Norges leiande fag- og utviklingsmiljø innan kjøtt- og eggproduksjon. Dei arbeidar langs heile verdikjeda frå gard til bord for å styrke tilliten til kjøtt- og eggbransjen. Dei jobbar for høg kvalitet på produkta, auka verdiskaping og effektiv produksjon. Animalia har ein av sine tilsette i Fyresdal Næringshage.

www.animalia.no

Kjell Asbjørn Solberg AS

Kjell Asbjørn Solberg AS utfører alle typer gravearbeid, landmåling, utleige av maskiner og utstyr.

E-post: post@solbergmaskin.com
Web: www.solbergmaskin.com

Morten Solberg:
414 73 237

logo_medium

Vest-Telemark Næringsforum

Vest-Telemark Næringsforum er eit næringspolitisk organ og ein møteplass for å fremje kompetanse og nettverksbygging mellom medlemmene. VTNF er ein på drivar for vekst og utvikling i Vest-Telemark – på tvers av bransje og konkurranse.

www.vtnf.no

Fyresdal Ambulanseteneste

Fyresdal ambulanseteneste er ei privateigd teneste som har kontrakt med prehospital tenester på Sørlandet sjukehus. Tenesta er døgnbemanna. Ambulansepersonellet har fagbrev som ambulansearbeidarar, har autorisasjon, utrykningssertifikat og følger prehospital tenester sine retningslinjer og medisinske prosedyrar.

jan.tore.berve@sshf.no
Tlf 951 71 152

Vest-Telemark Rekneskapsservice

Vest-Telemark Rekneskapsservice AS er eit rekneskapførarselskap med autorisasjon av Finanstilsynet. Dei tilbyr regnskaps- og økonomiservice, rådgjeving og kontorstøtte til alle typer næringsdrivande.

www.vtr.no

NC Spectrum

NC-Spectrum er eit konsulentselskap med fokus på prosjektering, rådgjeving,  etablering og drift av elektronikk og infrastruktur i breibåndsnett. NC-Spectrum sine løysingar er  innovative og fleksible, og blir skreddarsydd til utfordringar som set krav til oppetid og stabilitet. NC-Spectrum har ein av sine tilsette i Fyresdal Næringshage.

www.nc-spectrum.no

Den Norske Kirke

Fyresdal Kommune